Chouk Bwa Libète

Voodoomusikk frå Haiti til topps i Førde!

Bli med til topps og opplev haitiske trommerytmar og transemusikk kalle fram åndene. Dette er voodoomusikk! Chouk Bwa Libète spelar mizik rasin, ein musikkstil som oppstod seint på 80-talet med direkte linje til haitisk voodoo og med røter tilbake til afrikansk musikk og kultur.

For å halde seg tettast moglet til voodookulturen, har Chouk Bwa Libète trommer som hovudinstrument. Repertoaret er ei blanding av originale voodoo-songar, slik dei er brukte på Haiti for å kalle fram åndene. I tillegg framfører dei musikk dei sjølve har komponert.   

Alle trommeslagarane i Chouk Bwa Libète har meisterstatusar i ulike voodoo-kulturar i landet, og dansarane er også tett knytt til voodoo-miljøet. Her er det ikkje snakk om koreografert dans, men dans som heilt og fullt skjer etter trommene sine rytmar og mønster. Dette er ekte vare som har reist 7600 km frå fjellandet Haiti for å bli framført 706 moh i Førde. Det blir ei oppleving!

Jean Claude “Sanbaton” Dorvil - vokal
Edèle Joseph - dans, vokal
Gomez “Djopipi” Henris - vokal, trommer
Cedieu Riscot - trommer, konkylie, horn, vokal
Jean Rigaud Aimable - trommer, vokal
Sadrack “Mazaka” Merzier - trommer, kornett, vokal  

 

Konsertar: 


Laurdag 9. juli 13.00     706 moh - Chouk Bwa Libéte
Hafstadfjellet