Fromseier Hockings

Med sensitivitet og hjartevarme

Med eit levande, impulsivt og leikande samspel har Fromseier Hockings turnert verda rundt. Virtuost er eit anna adjektiv vi kan bruke om den danske duoen sin musikk, som er tett og presis, og osar av musikalitet. Repertoaret er dei gamle, svingande melodiane i lett blanding med Ditte og Sigurd sine eigne komposisjonar.

Dei to musikarane utforskar duoformatet til fulle, og inviterer publikum inn i musikken sin på ein måte som er både sensitiv og hjartevarm. Dette er musikk som både byr opp til dans og innbyr til ettertanke.

Sidan Ditte Fromseier starta si musikalske karriere på Bornholm som 4-åring har ho spelt seg jorda rundt og utdanna seg både innan klassisk musikk og folkemusikk. I tillegg til å vere musikar, er ho i dag adjunkt ved Syddansk Musikkonservatorium og Skuespillerskole.

Sigurd Hockings er ein av dei mest allsidige gitaristar innan i dansk folkemusikk. Han har sin heilt eigen spelestil, inspirert av både skandinavisk og keltisk musikk.

www.fromseierhockings.com

Ditte Fromseier – fele
Sigurd Hockings - gitar