Førdehuset

Om

Førdehuset er Førdefestivalen sitt hjarte. Her har vi fleire konsertsalar - og Billettkontoret vårt i Utstillingssalen.

Idrettshallen (bildet)
Festivalen si storstove med 1900 sitjeplassar. Idrettshallen er arena for dei største konsertproduksjonane: opningskonserten torsdag, konsert med langbord fredag kveld og ein stor konsert laurdag. Nummererte sete på golvplan i delar av salen.

Storsalen
Den store kinosalen er ein flott konsertsal med 430 sitjeplassar i amfi og 110 på galleri.

Festsalen
Konsertsal med 180 sitjeplassar i konsertoppsett, og 100 i kaféoppsett. Festsalen har parkettgolv, og vert brukt både til konsertar og dansearrangement under festivalen. 

Teatersalen
Intim konsertsal med 150 sitjeplassar i amfi. 1. etasje.

Utstillingssalen
Her er Billettkontoret - velkommen innom! Her er også sofa, slik at du kan sitje ned og sjå i brosjyra vår.

Kart

 

Tilgjenge

  • Rullestol: Tilrettelagt.

  • Heis: Ja.

  • Handikaptoalett: Ja.

Transport Vi oppmodar publikum til å reise kollektivt. Førdehuset ligg sentralt i Førde, berre nokre få minutt å gå frå busstasjonen.
Sjå skyss.no for rutetabellar.

Parkering - Det er gode parkeringsmoglegheiter ved Førdehuset.

Førdehuset
Angedalsvegen 5
Postboks 338
6802 Førde

E-post: kultur@forde.kommune.no
Telefon: 57 72 19 00
Mobil : 97 12 14 00

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Festsalen

Neste
Neste

Sogn og Fjordane Kunstmuseum