Bornas Verdsdagar Førde - 10 år i 2019!

LAURDAG 23. NOVEMBER KL. 11.30-16.00

For tiande år på rad ønskjer vi velkomen til gratis familiefestival i Førdehuset, med miniverkstadar, aktivitetar, verdsscene og internasjonal kafé.

I år er Bornas Verdsdagar i Førde 10 år! Vi feirar med verkstader med capoeira, trekkspel, tabla, afrikanske trommer, huladans og song! På Verdsscena vert det fest, i biblioteket ventar Eventyrhola og i Eventyrrommet kan du sjå teateret om Nordavinden. Fargerike Førde sel mat frå heile verda, og det vert mange kjekke aktivitetar her på Førdehuset. Ikkje minst: Det er gratis inngang til heile arrangementet!

Bornas Verdsdagar Førde er eit samarbeid mellom Førdefestivalen, Førde kommune, Fargerike Førde, Sogn og Fjordane Teater, Sunnfjord kulturskule, Førde Bibliotek, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Red Cross Nordic United World College i tillegg til skular og barnehagar i Førde og Naustdal. Konseptet starta som eit arrangement i Oslo i regi av Rikskonsertane, men har spreidd seg til heile landet, og etter omorganiseringa av Rikskonsertane til Kulturtanken, er det no Oslo World som koordinerer arrangementa.

PROGRAM:

kl. 11.30 OFFISIELL OPNING i Festsalen   

kl. 12.00 - VERKSTADANE STARTAR   

 
 

Verkstadar:

Verkstadane varer i 20 minutt og går til faste tider.


Andre aktivitetar: