Bornas Verdsdagar Førde - 10 år i 2019!

LAURDAG 23. NOVEMBER KL. 11.30-16.00

For tiande år på rad ønskjer vi velkomen til gratis familiefestival i Førdehuset, med miniverkstadar, aktivitetar, verdsscene og internasjonal kafé.

Bornas Verdsdagar Førde er eit samarbeid mellom Førdefestivalen, Førde kommune, Fargerike Førde, Sogn og Fjordane Teater, Førde Bibliotek, Sogn og Fjordane fylkeskommune og skular og barnehagar i Førde og Naustdal.

Konseptet starta som eit arrangement i Oslo i regi av Rikskonsertane, men har spreidd seg til heile landet, og etter omorganiseringa av Rikskonsertane til Kulturtanken, er det no Oslo World som koordinerer arrangementa.

PROGRAM:

kl. 11.30 OFFISIELL OPNING i Festsalen   

kl. 12.00 - VERKSTADANE STARTAR