Sigrid Moldestad

SigridMoldestad_Promo_13.jpg

Sigrid Moldestad er aller mest kjend som musikar og komponist, og i det siste også som skodespelar med stor suksess i stykka HEIM på Hordaland Teater. I tillegg er ho ein framifrå konferansier, det vere seg for konsertar og underhaldningsprogram - eller som denne gongen, for konferansar. Ei allsidig dame, som spelar på mange strenger - kanskje aller helst dei åtte på hardingfela, som ho heilt sikkert har med seg denne torsdagen også.

Hilde Katrin Wiik