Festivalkontoret

 

Festivalkontoret består av ein stor stab som handterer billettsal, sentralbord, publikumsinformasjon og produksjon av informasjonsmateriell i heile festivalveka (3.-9.juli). Denne gruppa er i direkte kontakt med publikum. Det er difor viktig at dei som er med i denne gruppa kan informere publikum om festivalprogrammet med ei serviceorientert innstilling.

Billettsalg og sentralbord

Vi sel billettar gjennom TicketCo.no. Det blir gjeve opplæring i dette i forkant av festivalveka for alle som skal ha med billetthandtering å gjere. Billettsal skjer i Billettvogna som står utanfor Elvetorget i veke 26, og utanfor Førdehuset i festivalveka.

Billettkontroll

Billettsystemet frå TicketCo er veldig enkelt å bruke og alle billettar skal skannast. I denne gruppa skal du sjekke og registrere kjøpte billettar. Enkelt og greitt.

Sentralbord og informasjonsskranken

Her kan publikum få informasjon om konsertar, bussar og anna, melde seg på kurs og kjøpe ulike festivalartiklar.

Bortescener

Det er mange konsertar som skjer utanfor Førdehuset, og her er det behov for billettseljarar og -kontrollørar.

Arenaer er: Sunnfjord kulturskule, Førde kyrkje, Festplassen, Hafstadfjellet, Larris Scene og Sunnfjordsalen på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Fjordamattunet på Vassenden, Vesle Kinn i Florø og Jakob Sande-tunet i Dale.

Felles informasjonsmøte i Festsalen i Førdehuset søndag 2.juli kl. 19.00. Informasjon om dette vert sendt på epost og via facebooksida for dei frivillige. På informasjonsmøtet vert det informert om festivalprogrammet, og alle får utdelt festival-T-skjorter.

 
Gasta Design