Trekkspel med Ole Nilssen

Ole Nilssen.jpg

No kan du få prøve trekkspel! Ole Nilssen vil vise fram ulike trekkspel, spele for deg og fortelje artige historier om trekkspelet. Ikkje minst lovar Ole at du skal få prøve å spele trekkspel sjølv - velkommen til trekkspelverkstad!

Tider: 12:00, 12:30, 13:00, 13:30, 14:30, 15:00, 15:30

Ole Nilssen er distriktsmusikar i Førde, og jobbar som utøvande trekkspelar og dansar, og underviser i desse faga på Sunnfjord kulturskule. Han har gjeve ut ei rekkje plater, og vart i 2018 kåra til årets unge folkemusikar i Noreg. 

Denne verkstaden passar best for born frå seks år.

Visste du at…

  • Trekkspel vert spelt frå Russland til Brasil og brukt i både folkemusikk, pop, jazz og klassisk musikk.

  • Trekkspelet vart oppfunne på 1820-talet og er ein nær slektning av både munnspel og trøorgel.

  • Det finst mange ulike typar trekkspel. Det finst einrader og torader, der tonen er ulik avhengig av om ein dreg belgen ut eller inn. Det finst sekskanta concertina, kvadratisk bandonion, og ikkje minst det moderne trekkspelet, også kalla akkordeon.

  • Nokre trekkspel har tangentar som eit piano, andre har knappar.

VerkstadCamilla Aasen