Teater: Nordavinden

_DSC9845-Edit.jpg

I Eventyrrommet denne dagen får du møte Kyrre Eikås Ottersen som presenterer forteljeteater om Nordavinden.

Teateret vert vist to gonger og skjer i samarbeid med Sogn og Fjordane teater.

Tider: 12:30 og 14:00

Framsyninga passar for born frå 4-8 år.

Visste du at…

  • Nordavinden er eit av folkeeventyra som Peter Christian Asbjørnsen og Jørgen Moe samla på 1800-talet. Før dette kunne du ikkje lese folkeeventyr som Nordavinden i bøker, men berre få dei fortalde av nokon som hadde høyrt eventyra før.

  • Asbjørnsen og Moe var i 20-åra då dei saman starta å samle inn folkeeventyr på 1830-talet. Dei gjekk rundt i Sør-Norge med papir og blyant og skreiv ned alle eventyra dei fekk høyre.

  • Eventyra om Askeladden og dei tre Bukkane bruse er blant dei best kjende av eventyra som Asbjørnsen og Moe samla. Hadde det ikkje vore for Asbjørnsen og Moe, kan det hende vi aldri hadde fått høyre nokon av desse eventyra.

AktivitetCamilla Aasen