Snakk til tablaen

Screen Shot 2019-10-17 at 14.18.54.png

Har du hørt tablas før? Visste du at dei kan snakke?

I denne verkstaden får du møte Norges nye meister på dei indiske trommene tablas. Når Sanskriti spelar, dansar fingrane over dei små trommene i full fart og lagar mange fine rytmar - nesten som eit heilt orkester. Den som lyttar godt, kan høre tablaen si stemme synge og fortelje historier. Kanskje høyrer du ei hemmelegheit?

Sanskriti Shrestha kjem frå Nepal og spelar tablas, og Erlend Albertsen kjem frå Norge og spelar saksofon og kontrabass. I denne interaktive forestillinga får du synge, danse og spele på tablas saman med dei. Forestillinga er produsert som ein verkstad til Bornas verdsdagar, i samarbeid med Oslo World. 

Tider: 12:00, 12:30, 13:00, 14:00, 14:30, 15:00, 15:30

Passar best for born frå 4 år, men er også kjekt for større born.

Visste du at…

  • Tablas består av to trommer som vert spelt med ei hand på kvar tromme.

  • Det er mange ulike måtar å spele tablas på, og den som spelar brukar både handflatene og fingrane på mange forskjellige måtar. Kvar type slag lagar ulik lyd, og dei ulike slaga kan ein kombinere på mange forskjellige måtar.

  • Alle dei ulike lydane kan få det til å høyrest ut som om trommene snakkar, og difor vert tablas kalla snakkande trommer.

  • Tablas er først og fremst eit nordindisk instrument, men trommene er populære i India, Pakistan, Nepal, Bangladesh og på Sri Lanka.

  • Tablas har vore i bruk sidan 1700-talet, men nøyaktig kor gamle trommene er, er usikkert.

VerkstadCamilla Aasen