Polske blomar

20191030_234614.jpg

i Polen er det lange tradisjonar for å lage flotte blomar av papir og sette dei saman til kransar, dekorasjonar og til og med lysekroner.

På denne aktiviteten, leia av Alicja Lakomy, får du utforske denne tradisjonen og lage din eigen blome som du kan ta med deg heim for å lyse opp vintermørket. Dei ivrigaste kan få lage fleire blomar og sette dei saman på ein krans.

Dette er ein aktivitet der ein kjem og går som ein vil, og der ein kan velje kor mykje ein har lyst til å lage. Små born bør ha hjelp av ein vaksen til denne aktiviteten.

Visste du at…

  • I Polen finst det mange ulike tradisjonar rundt Sankthansaftan. Ein av dei er blomekransar.

  • Unge jenter laga blomekransar og sleppte dei i elva. Hvis kransen vart teken av straumen, tyda det at jenta snart ville finne sitt livs kjærleik og verte gift. Om kransen stogga og stod fast, tyda det at det var lenge til ho vart gift eller at ho aldri kom til å gifte seg.

  • Blomekransane måtte vere laga av sju blomar: prestekrage, skogstorkenebb, ryllik, rød jonsokblom, kvitkløver, rødkløver og enghumleblom.

AktivitetCamilla Aasen