Hawaiisk hula og tahitisk dans

IMG_0257.JPG
 

Gløym kulda og vinteren - dans deg heller til Hawaii og Tahiti!

Tahitisk dans er fra øya Tahiti og andre stillehavsøyer. Der dansar ein med masse raske hoftebevegelsar, og det er umogleg å ikkje bli riven med av dei heftige rytmane.

Hula-dans er ein viktig del av den Hawaiiske kulturen. Etter tradisjonen vert det dansa til songar som handlar om øygruppa sine myter, historier, viktige hendingar og personar. Bevegelsane er mjuke og handbevegelsane illustrerer det songane handlar om. Dansen gjev bevegelegheit, betre kroppshaldning, rikare musikalitet og mykje glede!

Tider: 12:00, 12:30, 13:30, 14:00, 14:30, 15:00, 15:30

Verkstadhaldar Laila Bellydance er faglærar i dans med utdanning frå både Nord universitet, New York og Berlin. Laila har brei erfaring innan dans og trening som pedagog, utøvande dansar og reiseleiar.

Passar best for born frå 4 år.

Visste du at…

  • På både Hawaii og Tahiti er det sommartemperatur heile året og det vert mellom anna dyrka kaffi, sukker, frukt og kokosnøtter.

  • Tahiti er den største øya i Fransk Polynesia i det sørlege Stillehavet og ligg omtrent midt mellom Australia og Sør-Amerika.

  • Hawaii ligg 4226 km nord for Tahiti, i det nordlege Stillehavet, og består av åtte øyer. Hawaii har vore ein delstat av USA sidan 1959.

 
VerkstadCamilla Aasen