Capoeira

Capoeira Ellen Hestnes Ribeiro 2.jpg.jpeg

Kom og prøv capoeira - dei brasilianske slavane sin kamsport, kamuflert som dans. På denne verkstaden får du ein praktisk smakebit av song, rytmar og bevegelsar i capoeira.

Tider: 12:00, 12:30, 13:00, 14:00, 14:30, 15:00, 15:30

Instruktørane er Tobias Heiberg og Ellen Hestnes Ribeiro, som begge er svært erfarne utøvarar og medlemmar av Grupo Uniao na Capoeira.

Verkstaden er best eigna for barn frå fire år og oppover. Dei yngste bør ha følge av vaksne. Vaksne som likar å leike vil også ha stor glede av dette!

Ellen Ribeiro er capoeirista og har lang erfaring i å vise andre kva capoeira har å by på.

Ellen Ribeiro er capoeirista og har lang erfaring i å vise andre kva capoeira har å by på.

Visste du at…

  • Capoeira er ei blanding av musikk, dans, teater og kampsport som oppstod blant afrikanske slavar i Brasil på 1500-talet.

  • Slavane levde under veldig dårlege forhold, vart dårleg behandla og vart tvinga til å jobbe hardt. Når dei fekk sjansen, samlast slavane på ei grasslette, kalla capoeira, der dei dansa, song og slappa av.

  • Slavane øvde på kampsport, men hvis slaveeigaren eller nokon av hans menn var i nærleiken kunne dei ikkje vise at dei trente på kamp - då måtte det sjå ut som om dei leika eller dansa. Capoeira vart etter kvart namnet på denne blandinga av musikk, dans og kampsport.

  • Slavane og andre undertrykte i Brasil brukte capoeira som ein måte å gjere motstand mot dei som hadde makt over dei. Det førte til at capoeira vart forbode i Brasil på 1800-talet. Då vart dei som vart tekne på fersken i å drive med capoeira sende i fengsel.

  • Først i 1940 vart forbodet oppheva, og dei første capoeira-skulane vart etablert kort etter.

  • I dag er capoeira Brasils nasjonalsport og på UNESCO si liste over verdas kulturarv.

VerkstadCamilla Aasen