Afrikansk trommesafari

IMG_8960 2.jpg

Bli med på trommesafari med Abu Adonaba! Du får spele tromme, synge artige songar og utforske tromma og oppdage alle lydane ei tromme kan lage.

Tider: 12:00, 12:30, 13:00, 13:30, 14:30, 15:00, 15:30

Abu Adonaba har spelt trommer og dansa heile livet. Han vaks opp i Ghana i Vest-Afrika og har budd i Norge i 20 år. Abu har lang fartstid som formidlar av afrikansk musikk, dans og kultur, både for vaksne og born. 

Trommesafari passar best for born frå tre år, men det blir også kjekt for større born å vere med.

 
Abu Adonaba

Abu Adonaba

Visste du at…

  • Djembe-tromma er laga av eit skinn som er trekt over ein uthola trestamme. Ofte er geiteskinn brukt, men det finst også djember med syntetisk skinn.

  • Ein djembe-spelar vert kalla djembefola.

  • Ulike typar slag på djemben lagar ulike tonar. Ein dyktig djembefola kan få det til å høyrest som om det er fleire trommer som spelar på same tid.

  • Det er usikkert kor gamal djembe-tromma er, men sannsynlegvis er den opp mot 1000 år gamal.

  • Djembe-tromma var mykje brukt i Maliriket som strekte seg over fleire av dagens vestafrikanske land frå 1235 til 1670.

  • Djembe blir brukt i både tradisjonell musikk og popmusikk i Vest-Afrika. Frå 1950 vart djembe også populær utanfor Vest-Afrika.

VerkstadCamilla Aasen