VASSVIK

Foto: Tuula

Foto: Tuula

 

Innovativ joik i rått og moderne lydbilde

Med bandet VASSVIK gjev den samiske lydpoeten Torgeir Vassvik deg eit friskt pust frå det nordlegaste kystområdet på det europeiske fastlandet. Om du opplever han i Norge, Canada, Japan eller Malaysia, blir du overraska og bergteken over hans animistiske* joik.

Torgeir Vassvik er rekna som ein av dei mest innovative samiske musikarane i dag, og framfører den transeframkallande musikken til folket sitt, kystsamane, på sin heilt særeigne og spektakulære måte. Musikken hans er eit speglbilde av den røffe og vakre kystnaturen i arktis, han fornyar dei gamle vokaltradisjonane og rytme-rituala for det 21. århundre. Med seg har han musikarar som hentar inspirasjon frå både jazz, klassisk og ny musikk; VASSVIK gjev deg joik i eit rått og moderne lydbilde, med to feler, rammetromme og akustisk gitar.

*Animisme (frå latin anima, ånd) er eit omgrep i teologien brukt om ei religiøs oppfatning om at alt i naturen har sjel.

Torgeir Vassvik - joik, gitar, rammetromme

Rasmus Kjorstad - fele

Jo Einar Jansen - fele

Audun Strype – lyddesign

 

Konsertar:

Lørdag 6. juli kl. 11.00 706 moh: VASSVIK
Hafstadfjellet

Søndag 7. juli kl. 11.30 VASSVIK
Sersjantløa – Sunnfjord museum

 
NorgeTorill Faleide