TRIAKEL

triakel-5556.jpg
 

Triakel, med Emma Härdelin på vokal, Kjell-Erik Eriksson fele og Janne Strömstedt på trøorgel er ein av dei mest kjende svenske folkemusikktrioane vi har - og velkjende også for festivalpublikummet i Førde. Dei stod på festivalprogrammet i 1999 og 2009, så velkomen til i 2019, seier vi.

Trioen oppstod som eit resultat av eit nyttårsforsett; Etter ei felles nyttårsfeiring innfridde Kjell-Erik og Janne løftet sitt om å opptre med trøorgel og fele i desember 1994. Dette vart ein slik suksess, at dei bestemte seg for å halde fram. Emma Härdelin kom inn på vokal, og dermed var trioen eit faktum. Ein lang og imponerande karriere har sendt Triakel på turnéar i Europa, USA, Canada og Japan.

Triakel spelar viser. Alt frå gamle revynummer til salmar får plass på repertoaret, og for det meste er materialet henta frå Hälsingland, der trioen kjem frå. Musikken er lågmælt, men sterk, og arrangementa vert bygde rundt Emma si stemme, som er sjølve kjerna i lydbildet deira. Desse tre dyrkar nemleg det akustiske, intime og enkle.

EMMA HÄRDELIN - vokal

KJELL-ERIK ERIKSSON - fele

JANNE STRØMSTEDT - trøorgel

 

Konsertar:

Torsdag 4. juli kl. 20.00 Opninskonsert: Verda i Førde
Idrettshallen, Førdehuset

Fredag 5. juli kl. 15.00 Triakel
Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

SverigeTorill Faleide