Timples and other Small Guitars

Timples%26Guitarras_076.jpg
 

Melodiøst slektstreff for timple og andre små gitarar

Timples and other Small Guitars er eit knippe timple-musikarar frå øyane Gran Canaria, Tenerife og Fuerteventura, som sidan 2014 har forska på og leika seg med timple og andre små gitarar. Dei fire som starta det heile var Germán López, Althay Pérez, Yone Rodríguez, og Beselch Rodríguezer, men etter kvart har dei utvida med vokalist og kontrabass.

Timple har mange slektningar rundt i verda: ukulele på Stillehavsøyane, cavaquinhoen I Brasil og Portugal, charangoen i Andes og quatroen i Venezuela - og alle desse er med når Germán Lopez og dei andre kjem til Førde med sin energiske og briljante kavalkade av musikk frå ulike stilar. Instrumenta er små, men det i hendene på dei rette ekspertane blir det stor lyd. Tett, presist og med haugevis av sjarm.

Germán Lopez og Antonio Tolero vert også å høyre på Sommarnatt på Jølster, på Jølstramuseet torsdag kveld.

Jonathan Jesús Campos
Germán Lopez González
Leandro Ojeda Santana
Althay Paez Ramos
Beselch Rodriguez Gonzalez
Yone Rodríguez Monzón

 

Konsertar:

Laurdag 6. juli kl. 14.00 Timples and other Small Guitars
Teatersalen, Førdehuset

 
KanariøyeneHedda Boyd Heen