THE GARIFUNA COLLECTIVE

The Garifuna Collective - original.jpg
 

Garifunamusikk til verda

The Garifuna Collective lovar å føre vidare arven etter grunnleggaren deira, Andy Palacio, vidare, og sikre at den rike garifuna-kulturen med sitt språk, musikk og lokale tradisjonar ikkje går tapt i møtet med den stadig meir globaliserte verda.

Bandet er samansett av dei leiande musikarane på den levande garifuna-musikkscena. I musikken sin blandar dei tradisjonell garifuna med moderne rytmar og nye arrangement. Med unike handtrommer, skilpaddeskal og bein, gitarar og bass skapar dei eit energiske og nesten hypnotiske rytmar som botn for kraftig og karakteristisk song. Vokalistane er karismatiske kvinner som formidlar sjølvopplevd kjærleik og sorg med sine karakteristiske stemmer.

Andy Palacio grunnla The Garifuna Collective for å redde garifunamusikken. Han fekk eit internasjonalt gjennombrot med plata Wátina i 2007, ei plate som sette garifuna-tradisjonen på det internasjonale musikkartet. Palacio fekk Womex-prisen i 2007, og vart også heidra av Unesco for sin innsats for å berge garifunakulturen. Han døydde uventa i 2008.

Chela Torres - song, perkusjon
Mohobub Flores - song, skilpaddeskjel  
Sheldon Petillo - song
Rolando “Chichiman” Sosa - song, maracas
Tyrone Kelly Usher - bass
Al Ovando - gitar  
Sam Harris - gitar
Denmark Flores - garifunatromme
Keenan Sabal - garifunatrommer, dans (janacunu)

 

Konsertar:

Laurdag 6. juli kl. 23.00 Dansefest: The Garifuna Collective / Dizu Plaatjies & Ibuyambo
Festivalsalen, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

 
BelizeTorill Faleide