Sarah Savoy Trio

Sarah+Savoy+HI+res+acc+scream.jpg
 

Rå dame med rå og ekte cajun frå Louisiana

Sarah Savoy er cajunmusikken sitt svar på Patti Smith, Wanda Jackson og Patsy Cline. Ho kjem frå den legendariske Savoy-familien i Louisiana, men har gått sine eigne vegar og skapt ein eigen versjon av den særmerkte og dansbare musikken franske kolonistar odla fram på 1700-talet. Rå vokal, eggande rytmar og herleg driv; Sarah Savoy Trio er eit musikalsk eventyr som må opplevast.

Ho spelar gitar, trekkspel og syng. Ho snakkar også engelsk, fransk og russisk, lærer bort Cajun dans og matlaging, jobbar som profesjonell kokk i Frankrike, er mor til sin unge dotter, forfattar til ei Cajun kokebok og er fast modell for Accordion Babes Pin-Up Calendar.

Repertoaret er drivande fin honky tonk og rask hillbilly. Bandsounden høyrest på det mest intense ut som baconcrisps - kombinert med fele, kontrabassgroove og toradar. I motsetnad til mange som reindyrkar countrysjangeren, har Sarah ikkje noko imot å knalle til og overraske, til dømes med cajunisert rockabilly.

Sarah Savoy – gitar, trekkspel, song.

David Rolland - gitar

Marius Pibarot - fele

 

Konsertar:

Onsdag 3. juli kl. 20.00 Sarah Savoy Trio
Gloppen Hotell, Sandane

Torsdag 4. juli kl. 16.00 Kurs: Tradisjonell Cajun dans
Gymsalen, Førde Barneskule

Torsdag 4. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster
Jølstramuseet, Vassenden

Fredag 5. juli kl. 10.00 Barneverkstad: Vaskebrettkurs med Sarah Savoy
Festsalen, Førdehuset

Fredag 5. juli kl. 21.30 Sarah Savoy Trio / DJ 99
Teltet – Pikant Restaurant & Bar

 
USHedda Boyd Heen