Samurai Accordion

SAMURAI2-4.jpg
 

Melodiøst og meisterleg!

Riccardo Tesi, Simone Bottasso, Markku Lepistö og David Munnelly er fire av verdas meistrar på diatonisk trekkspel. I SAMURAI møtest dei for å leike seg med musikksjangrar - og skape musikk-kunst. Italiensk, finsk og Irsk, folkemusikk, jazz og filmmusikk - alt smeltar saman til eit melodiøs og briljant uttrykk som smyg seg lett under huda på deg.

Ved å ta i bruk det imaginære japanske univers, har SAMURAI lukkast med å kombinere ei rekkje stilartar for å skape ei tøff og uttrykkeleg musikkoppleving. SAMURAI inviterer til  intim atmosfære og/eller vill dansing: Desse musikarane har ei imponerande liste med referansar som gjev håp om ei konsertoppleving heilt i særklasse. Slik var det sist dei spelte i Førde, då også i Teatersalen. Vi plar ikkje forskottere og garantere, men denne konserten kan vi tilrå på det aller varmaste.

Simone Bottasso
Markku Lepistö
David Munnelly
Riccardo Tesi

 

Konsertar:

Laurdag 6. juli kl. 20.30 Gjensynsgalla – 30 år utan grenser
Idrettshallen, Førdehuset

Søndag 7. juli kl. 11.30 SAMURAI Accordion
Teatersalen, Førdehuset

 
Italia, Finland, IrlandHedda Boyd Heen