Ross Daly Quintet

ROSS DALY 3.jpg
 

‘Musikken er språket mitt i dialogen med det eg opplever som heilag.’ Ross Daly

 

Iren som gjorde grekar av seg; Ross Daly er multi-instrumentalist med den greske lyra som spesialinstrument - og ein legende vi lenge har drøymt om å presentere på konsertscena i Førde. Han har studert lokal tradisjonar i det meste av verda, men aller mest i Midt-Austen, Sentral-Asia, og rundt India. Ross Daly sin musikk skaper noko det blir stadig verre å finne i dag: ein samanheng og heilskap det er uråd å feste til tid og stad. Den er grenselaus, eller som han seier: ‘Musikken er språket mitt i dialogen med det eg opplever som heilag.’

Kommunikasjonen med musikarane skjer på eit indre plan, og på meisterleg måte bind han saman gamle tradisjonar med dei mest komplekse behova eit moderne publikum kan ha. Den unike lyden av musikk gjenspeiler hans personlege filosofi som er påverka av Sufi-tradisjonen. Denne tradisjonen understrekar den hellige natur og den enorme krafta som er inneheldt i den. Sagt med våre ord: Dette må opplevast.

Sidan 1975 har Ross Daly budd på Kreta, der han har bygd opp sin eigen internasjonale musikkinstitusjon - Labyrinth Musikal Workshop - som tilbyr ei rekkje verkstadar til musikkelevar over heile verda.

Ross Daly - lyre
Kelly Thoma - lyre
Bijan Chemirani - perkusjon
Giorgos Manolakis - lutt
Pavlos Spyropoulos - bass 

 

Konsertar:

Laurdag 6. juli kl. 18.30 Ross Daly Quintet
Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

 
HellasHedda Boyd Heen