Perler av elde

Fire musikarar hentar skattar frå musikkarven vår

Musikkarven vår. Songar, slåttar og forteljingar som har gått i arv i generasjonar. Ein gong har dei kanskje vore nokon sin start på dagen, nokon si trøyst i sorga, nokon sin motivasjon i arbeidet, nokon sitt utbrot av glede, eller nokon sitt hugsviv.

Hos fylkesarkivet ligg over 16 000 historiske lydopptak klare for å bli oppdaga på ny. Vi har invitert musikarane Marita Vårdal Igelkjøn, Britt Pernille Frøholm, Helge Sunde og Viljar Losnegård til å gå på skattejakt i det rikhaldige folkemusikkarkivet. Med sine ulike perspektiv og ståstader veit vi at dei vil finne mange ulike kvalitetar i dei gamle opptaka. Men korleis vil dei formidle dette til oss, og kan musikkarven vår inspirere dei til å skape noko heilt nytt? Vi gler oss til å høyre dei presentere perler av elde!

 

I samarbeid med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

 

Marita Vårdal Igelkjøn

Britt Pernille Frøholm

Helge Sunde

Viljar Losnegård

 

 Konsert

Fredag 5. juli kl. 12.00 Perler av elde
Høgsalen, Sogn & Fjordane Kunstmuseum

NorgeTorill Faleide