Norayr Kartashyan & Menua

Norayr Kartashyan & Menua 1.jpg
 

Mjuk, vakker og tidlaus folkemusikk frå Armenia

Menua-prosjektet er seks musikarar som spelar tradisjonelle og hybride blåseinstrument multi-instrumentalisten, komponisten og dirigenten Norayr Kartashyan sjølv har designa opp gjennom åra. Gjennom raffinerte og uttrykksfulle arrangement for treblåseinstrument som duduk, blul, shvi, parkapzuk/sekkepipe og zurna, presenterer musikarane ein ny visjon for armensk folkemusikk og samtidsmusikk. Sekstetten faldar ut dei vakre, mjuke og tidlause tonane armenske musikktradisjon er så kjend for.

I tillegg til å vere ein viktig mentor for mange unge musikarar, samarbeider Norayr Kartashyan med internasjonale namn som jazzpianisten Tirgran Hamasyan og perkusjonisten Arto Tuncboyaciyan (Grammy). Han turnerer internasjonale scener og festivalar, og er grunnleggar og kunstnarleg leiar for dei to ensembla Menua og Van Project.  

Levon Arakelyan
Grigor Davtyan
Grigor Kartashyan
Norayr Kartashyan
Artur Mkrtumyan
Edgar Petrosyan

 

Konsertar:

Torsdag 4. juli kl. 20.00 Opningskonsert: Verda i Førde
Idrettshallen, Førdehuset

Fredag 5. juli kl. 18.00 Norayr Kartashyan & Menua
Teatersalen, Førdehuset

 
ArmeniaHedda Boyd Heen