Muzsikás & Muzycanci

foto: Béla Kása

foto: Béla Kása

 

Dei er heilt i eigen klasse dei fire musikkpionerane i Muzsikás som i meir enn 40 år har spreidd ungarsk folkemusikk og folkedans til alle kantar av verda. I tillegg til å spele ei rekkje tradisjonelle ungarske melodiar, har dei også klart å fusjonere folkemusikken og den kalssiske ungarske musikken.
Såleis har dei vidareført arven etter Bela Bartok til nye generasjonar. Måten dei har løfta ungarsk folkemusikk til nye høgder på, har vore til stor inspirasjon for andre musikarar; til dømes dei to musikk-ektepara i Muzycanci frå Polen. Dei tok eit kresent publikum med storm på bransjefestivalen Ritmo i Budapest i haust, og no står dei åtte musikarane igjen på same scene med si blanding av polsk, ungarsk, jødisk, balkan- og sigøynar-rytmar. Vi trur det blir eit fyrverkeri av ein konsert.

Navratil Andrea – vokal

Péter Éri – viola, mandolin, fløyte, kontra, vokal

Dániel Hamar – kontrabass, gardon, tromme, vokal

László Porteleki – fele, kobza, tambura, vokal

Mihály Sipos – fele, zitter, vokal     

Attila Vojtek - dans

 

Konsertar:

Fredag 5. juli 21.00 Columbi Egg
Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Laurdag 6. juli kl. 10.00 Kurs: Ungarske dansar. Instruktør: Attila Vojtek (Muzsikas)
Gymsalen, Førde Barneskule

Laurdag 6. juli kl. 17.00 Muzsikas & Muzycanci
Storsalen, Førdehuset

Laurdag 6. juli kl. 22.30 Dans, dans, dans!
Festsalen, Førdehuset

 
Ungarn, PolenGuest User