Mahsa og Marjan Vahdat

Foto: Tamineh Monzavi

Foto: Tamineh Monzavi

 

Mektige stemmer frå Iran som løftar deg ut av tida

I heimlandet kan dei ikkje syngje offentleg, for styresmaktene tillet ikkje folk å høyre kvinner som syng, men i Førde kyrkje kan dei la tonane strøyme. Tidlegare i mars var det stor konsert i Washington DC med Mahsa og deira nyaste samarbeidspartnarar på musikkfronten, den verdskjende strykekvartetten Kronos Quartet. Konserten markerer utgjevinga av plata Placeless. Marjan kunne ikkje vera der, for ho er offer for president Trump sitt forbod mot at iranarar kan koma til USA, dersom dei ikkje har Green Card, slik som Mahsa har.

Klangen i stemmene til systrene Mahsa og Marjan Vahdat og intensiteten når dei syng har ført dei til konsertsalar over heile verda. Han er kjenslevar og varm som dirrande sommardis og full av løyndomsfull kraft. I 2014 gav dei konsert på Førdefestivalen for fyrste gong. Dei song frå albumet Twinklings of Hope saman med Nils Økland og Sverre Apeland. Dei har sunge med mange ulike musikarar i desse åra og når dei no kjem att denne sommaren, er det med  eit nytt repertoar saman med Gjermund Silset (bass), Kenneth Ekornes (perkusjon) og Mehdi Timorlein frå Iran på fløyteinstrumentet ney.

 

Konsertar og kurs:

Fredag 5. juli kl. 21.30 Mahsa & Marjan Vahdat
Førde Kyrkje

Fredag 5. juli kl. 16.00 Møt artisten: Mahsa & Marjan Vahdat
Utstillingssalen, Førdehuset
fri entré

Lørdag 6. juli kl. 20.30 Gjensynsgalla: 30 år utan grenser!
Idrettshallen, Førdehuset

Kurs: Fredag 5. juli kl. 10.00 - 12.00 Songkurs med Mahsa Vahdat
Førde barneskule

 
IranTorill Faleide