Lendmenn

Foto: Johannes Selvaag

Foto: Johannes Selvaag

 

Lendmenn er ei gammaldansgruppe frå Ottadalen som gjennom fleire år har etablert seg som ei av landets beste grupper i sin sjanger. Etter å ha spelt gruppespelfinale på Landsfestivalen i gammaldansmusikk kvart år sidan 2010, gjekk dei i 2017 heilt til topps, og sikra seg dermed speleoppdrag på Førdefestivalen i 2018. Det same skjedde året etter, så no er dei tilbake med den heilstøypte dansemusikken sin.

Lendmenn vart starta i 2005, og har lagt seg på ei ungdommeleg og utovervend linje i spelet sitt. Repertoaret er tufta på musikk etter lokale spelmenn frå Ottadalen og elles i Gudbrandsdalen, men dei tek og i bruk leikar frå andre område i landet.  I tillegg har Øyvind laga fleire melodiar som Lendmenn har teke i bruk og som har vorte godt motteke av publikum.

BJØRN KÅRE BRÅTEN ODDE - fele

STEINAR ODDE - gitar

MADS ERIK ODDE - trekkspel

BJARNE ODDE - kontrabass

ØYVIND SANDUM - trekkspel

 

Konsertar:

Fredag 5. juli kl. 21.00 Dans utan stans!
Festsalen, Førdehuset
kjøp billett ved inngang

Laurdag 6. juli kl. 22.30 Dans, dans, dans!
Festsalen, Førdehuset
kjøp billett ved inngang

 
 
NorgeGuest User