KROKE

Foto: Jacek Dylag

Foto: Jacek Dylag

 

Gjensyn med polske legender

Frå det heile starta, var ideen at dei ville finne noko nytt, også i seg sjølv. Musikarane innrømmer at det dei eigentleg ville at musikken deira skulle bli kalla KROKE-musikk. I byrjinga var trioen først og fremst knytt til klezmermusikk, medan dagens versjon er meir inspirert av eigen improvisasjon rundt etnisk musikk. På denne måten har dei skapt sin eigen stil som kryssar dei fleste grenser, i tid som i form, noko publikum rundt om på kloden set stor pris på - også andre musikarar.

 Dei fekk internasjonal draghjelp då Steven Spielberg kom i kontakt med - og vart fan av -  KROKE under innspeling av storfilmen Schindlers Liste. Spielberg inviterte dei til Jerusalem for å spele på ei stor minnemarkering over dei som overlevde krigen. Takka vere Peter Gabriel vart dei inviterte til WOMAD-festivalen i Storbritannia. KROKE sin «The Secrets of The Life Tree» vart brukt på David Lynch sin film Inland Empire, og møtet mellom KROKE og Nigel Kennedy resulterte i plata ‘East Meets East’.

Sist Kroke spelte på Førdefestivalen var det eit samarbeid med den norske trioen Tindra. Det resulterte i ei nydeleg plate. I fjor medverka dei på mongolske Urna Chahar-Tugchi si plate SER, og sidan Urna også er ein av gjensynsartistane på festivalen, dukkar sjølvsagt ho opp på årets Kroke-konserten. 

Tomasz Kukurba – viola

Jerzy Bawoł – trekkspel

Tomasz Lato – kontrabass

 

Konsertar:

Fredag 5. juli kl. 14.30 Møt artisten: Kroke
Utstillingssalen, Førdehuset
Fri endré

Fredag 5. juli kl. 16.30 Publikumsfavoritten: Kroke
Storsalen, Førdehuset

Lørdag 6. juli kl. 20.30 Gjensynsgalla – 30 år utan grenser
Idrettshallen, Førdehuset

 
PolenTorill Faleide