KARL SEGLEM

Foto: Oddleiv Apneseth

Foto: Oddleiv Apneseth

 

Folkemusikk og jazz i unik blanding

Naturen er den viktigaste inspirasjonskjelda for saxofonist, bukkehornspelar, komponist, poet og plateselskapsdirektør Karl Seglem. Gjennom karrieren har han markert seg med sitt heilt særeigne uttrykk i kryssinga mellom folkemusikk og jazz. Folkjazz. Rotnorsk worldjazz. -Eller eg seier rett og slett Seglem, for ingen andre ensemble har den samansetjinga eg har i bandet, seier han. -Hardingfele kopla med elektriske instrument, trommer, bukkehorn og tenorsax, i eit band med mykje improvisasjon, er eineståande. Men ja, det er folkemusikk, og det er jazz.

Musikken ligg ein stad i grenseland mellom det tradisjonelle og det moderne. Samklangen mellom Seglem sin tenorsax og hardingfelene til Håkon Høgemo og Sigrid Moldestad er tett og unik. Unik og universell. Rytmen frå hardingfela er som ei urkraft, under - og over - i eit mektig lydbilde skapt av prima musikarar.

Då plata Nunatak kom i fjor, som verdas første plastnøytrale plate. Musikken hausta panegyriske kritikkar og stort sett seksarar i inn- og utland. Konsertane like eins. Det er berre å glede seg til Seglem og hans strålande band fyller Larris Scene med godlyd både frå Nunatak-plata og tidlegare plater.

Karl Seglem er tildelt norsk jazz si høgste utmerking, Buddyprisen.

 

"Karl Seglem has long established himself as one of Norway´s most exciting saxophonists and effectively detrhoned Jan Garbarek" Nordis, Germany

 
Karl Seglem
, tenorsax, bukkehorn, stemme

Håkon Høgemo, hardingfele

Sigrid Moldestad, hardingfele, vokal

Lars Jakob Rudjord, tangentar

Andreas Ulvo, tangentar

Hallvard Gaardløs, bass

Kåre Opheim, trommer

 

Konsertar:

Onsdag 3. juli kl. 20.00 Karl Seglem/Gamlebanken spelemannslag
Larris Scene, SSH – Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

 
NorgeTorill Faleide