Johanne Flottorp

Foto: Heidi Furre

Foto: Heidi Furre

 

«Det låter uansett fortryllende» (DN)

Johanne Flottorp frå Åmli gav hausten 2018 soloplata, Johanne Flottorp, med slåttar frå heimtraktene og områda rundt. Spelestilen hennar er energisk og kraftfull. Ho jobbar med det råe og kvasse i uttrykket der det trengst og kombinerer med det såre og vare der det høver betre. Flottorp har utvikla ein personleg spelestil og ei eiga stemme i slåttespelet, og dette legg ho til grunn i alt ho gjer. Samstundes tek ho på best mogleg måte vare på det kjeldene og læremeistrane hennar har jobba fram i slåtteformene ho brukar.

I 2017 blei Johanne Flottorp uteksaminert frå Noregs musikkhøgskule. Der konsentrerte ho seg om spelet frå Tovdal, Setesdal og Vest-Telemark. Kort tid etter eksamen gjekk ho i gang med å førebu plateinnspelinga, og i april året etter var ho i Ormøy kyrkje saman med teknikar og produsent Niels Jørgen Røine og spelte inn favorittslåttane sine.

Utanom å vere soloutøvar på hardingfele, er Johanne Flottorp og fela sterkt til stades i det veksande country/amerikana-miljøet i hovudstaden.

 

Konsertar:

Lørdag 6. juli kl. 12.00 Soloscena: Johanne Flottorp
Haarklousalen, Førde Kulturskule

 
NorgeTorill Faleide