Jo Einar Jansen

Foto: Knut Utler

Foto: Knut Utler

 

Jo Einar Jansen er ein felespelar og songar frå Frosta I Trøndelag. Han har levd saman med folkemusikk, først gjennom familie og spelemannslaget i oppveksten og seinare i utøvande studier I heile Norden. Jansen er kjend frå grupper som Rim, Duo Jansen/Jüssi og Moenje, men har også fokusert meir og meir som soloartist.

I mai 2018 sleppte Jansen si første soloplate, Naken, og som tittelen seier, er dette eit slags ribba sjølvportrett. Han har spelt inn musikk som betyr mykje for han, difor er lata ei blanding av inntrykk frå folk og stadar Jo Einar har vore, spelt og studert. Musikken er I hovudsak komponert gjennom dei siste 300 åra på fele, oktavfele og hardingfele, både av Jansen sjølv og av eldre kjende og ukjende.

Naken er meg. Ei fele om gongen, spelt inn åleine I nattas mulm og mørke I ei knakande kyrkje oppi Markabygda. På det mest intense kunne eg høyre korleis den salige delen av folket i grenda banka på. Eg hadde ikkje nervar til å sleppe dei inn, så difor får eg aldri vite om dei forakta musikken, eller om dei ville inn og danse og skåle I altervinen.

Dette er slåttar eg likar. Slåttar eg har vorte lei av og elska igjen. No er dei også dine. Eg håpar dei fell I smak eller at du finn ein annan nytte av dei.

 (Jo Einar Jansen, Skogn, 13. Februar 2018)

 

Konsertar:

Torsdag 4. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster
Jølstramuseet, Vassenden

Fredag 5. juli kl. 15.00 Soloscena: Jo Einar Jansen
Haarklousalen, Førde kulturskule

 
NorgeTorill Gundersen