Jens Linell

09.30_Jens+Linell+-+Collage-square.jpg
 

Herleg trommeshow!

Jens Linell elskar trommer - og folkemusikk. Trommer og folkemusikk er jo ikkje akkurat den mest soleklare kombinasjonen for alle, men faktum er at trommer kanskje er det første folkemusikkinstrumentet vi hadde her langt nord. Dette kan Jens Linell alt om, etter som han har skrive ein master om trommer i skandinavisk folkemusikk. Noko anna han er ganske god til, Jens altså, er å lage musikk for born og arbeide med born. Dette har han gjort mykje både i Norge, Sverige og Ukraina.

Jens Linell har hatt mange framsyningar på Barnekunstmuseet i Oslo, og det finst mange teaterframsyningar som er laga på basis av Jens sin musikk.

I Førde blir Jens med på tur til Halbrendstølen. Han har med seg fleire trommer, og kven veit, kanskje han finn nokre instrument på stølen også, eller på vegen dit. Uansett tek han borna med seg inn i ei magisk verd av rytmar. Han kan veldig, veldig mange ulike rytmar, og kanskje kjenner du nokre av dei. Kanskje ikkje. Det blir det jo spennande å finne ut.

 Jens Linell – trommer

 

Konsertar:

Onsdag 3. juli kl. 16.00 Ut på tur, aldri sur
Halbrendstølen

 
NorgeHedda Boyd Heen