Germán López Duo

German Lopez - strand 0lsu8pFV.jpeg
 

Timple-musikk frå ferieparadiset

Germán López har med stor entusiasme og genuin musikalitet har gjort internasjonal karriere med den vesle timple-gitaren, ‘nasjonalinstrumentet’ på Kanariøyane.  Timple er ein av forfedrane til den meir kjende ukulela, til cavaquinho, quatro og charango. Saman med gitaristen Antonio Toledo, serverer Lopéz musikk med røter på Kanariøyane. Musikken har naturleg nok også element frå både Spania og Afrika.

Lopez si første plate kom i 2006, og sidan har det komme tre til. Etter å ha spelt på opningskonserten på Womex 2014, for deretter å bli vald ut som Womex-artist året etter, har den internasjonale karrieren bygd seg opp jamt og trutt. López har etter kvart turnert både i USA , Canada og Kina, i tillegg til fleire europeiske land. Og no kjem han altså for første gong til Norge!

German López er også ein del av Timples and other Small Guitars.


 

Konsertar:

Torsdag 4. juli kl. 23.00 Sommarnatt på Jølster - Germán Lopez Duo
Jølstramuseet, Vassenden

Laurdag 6. juli kl. 15.00 Timples and other small guitars

Teatersalen, Førdehuset