Gamlebanken Spelemannslag

Gamlebanken+spelemannslag.jpg
 

Gamlebanken er eitt at landets aller fremste hardingfeleensemble, og er særleg kjende for sitt arbeid med eldre runddanstradisjonar i slåttestil på hardingfele. Dei 10 siste åra har ensemblet delteke i konkurransar og på festivalar, og kan smykke seg med titlar som både nordiske meistrar i folkemusikk og norgesmeistrar i runddans.

Under leiing av Synnøve S. Bjørset byr Gamlebanken på smektande runddansperler frå både Sogn og Hardanger, framført med ro i snerten og energisk sving.

Under Førdefestivalen lanserer Gamlebanken si alle første plate. Gled dykk!

Synnøve S. Bjørset
Oda Bolstad
Kjartan Haugen Foss
Ingrid Heieren
Mathilde Skjæret
Ingrid Stuhaug
Leif Erik Stuhaug
Geir Marius Thorud
Åslaug Timenes Bell

 

 

Konsertar:

Onsdag 3. juli kl. 20.00 Karl Seglem / Gamlebanken Spelemannslag
Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

 
 
NorgeHedda Boyd Heen