Gabriel Fliflet

Foto: Heiko Purnhagen

Foto: Heiko Purnhagen

 

Bergensk musikkfenomen i særklasse

Gabriel Fliflet er ein fargerik folkemusikar og musikkmakar, og ein velkjend, humorist og klubbvert frå Bergen. Han er kjend for sitt fleirkulturelle musikkuttrykk. Trekkspel er hovudinstrument, men i tillegg trakterer han pianoet og brukar stemma som ingen andre. Musikken han skaper har grobotn og ein klang etter eit langt liv med folkemusikk. Den gjev energi, og har i 40 år vore eit lukkeleg levebrød for Fliflet.

I 2011 vart Gabriel Fliflet kåra til Årets Folkemusiker. I 2019 reiser han rundt med nylaga musikk: Himlaleite, men heldigvis har han tid til å ta med seg folkemusikklubben Columbi Egg på ferie til Førdefestivalen. I år kjem han også med nyskapinga: Klubb Oppsig.

Gabriel Fliflet – Trekkspel, piano, song

 

Konsertar:

Fredag 5. juli kl. 21.00 Columbi Egg
Restaurant Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel og Spa 

LAURDAG 6. juli kl. 13.00 Møt artisten: Gabriel Fliflet
Utstillingssalen, Førdehuset
Fri entré

LAURDAG 6. juli kl. 22.30 Klubb oppsig
Larris Scene, -Scandic Sunnfjord Hotel og Spa

 
NorgeHedda Boyd Heen