FINN BROM – MED BENTE & STEIN

 

Bente, Stein og ein bamse som heiter Brom

Bente og Stein reiser rundt land og strand, saman med bamsen Brom. Bamsen får oppleve mykje - alt frå å besøke han Ola på garden med mange dyr, til det å gå på jakt, høyre på fuglekvitter, sove og til slutt danse (for det hjelper mot kløe). Stein og Bente brukar folkemusikk i blanda nokre kjende barnesongar. Dei spelar fløyter, langeleik, hardingfele, vanleg fele, harpe - syng og fortel historier. Innimellom, medan dei to vaksne er opptekne med musikken og historien, lurer Brom seg av stad på eiga hand.. Han stikk rett og slett av og gøymer seg, og då må alle - små og store - vere med å leite etter han.

Bente Hemsing er utdanna fiolinist og musikkvitar og jobb som kulturskulerektor med å vere frilans musikar.

Stein Villa er ein allsidig musikar med eldre folkemusikkinstrument og folkeviser som spesialitet. Han arbeider som tradisjonsmusikkarkivar og formidlar på Mjøsmuseet.

 

Bente Hemsing – fele og mykje anna
Stein Villa
– fløyter, langeleik, harpe og mykje anna

 

Konsertar:

Onsdag 3. juli kl. 09.00 Morgonstund har gull i munn
Tussero, Vieåsen Barnehage
Fri Entré

Torsdag 4. juli kl. 09.00 Morgonstund har gull i munn
Halbrend barnehage
Fri Entré

Fredag 5. juli kl. 09.00 Morgonstund har gull i munn
Solsida Barnehage avd. Toene
Fri Entré

NorgeHedda Boyd Heen