El Tanbura

 
6903855_orig.jpg

Det livlege musikar-kollektivet frå Egypt er endeleg tilbake!

 
 

El Tanbura er eit egyptisk band oppretta 80-talet av Zakaria Ibrahim saman med meistermusikarar, songarar, fiskarar og filosofar. Musikken deira er tradisjonell egyptisk musikk der dei tek i bruk instrumenta simsimiyya og tanbura som er i lyrefamilien – ei gamal lyre som vert datert heilt tilbake til faraoane si tid. I nesten 25 år har dei forvalta nokre av dei eldste folkemelodiane heime i Port Said, som ligg i Middelhavsporten til Suezkanalen.

Zakaria Ibrahim høyrde denne typen tradisjonelle tonar tidleg på 50-talet, men den har vore med han heile livet. Då han reiste tilbake til Port Said og oppdaga at denne musikken nesten hadde døydd ut,  brukte han 9 år på å oppsøkje dei gamle meistrane og bygde opp eit venskap med dei - og slik vart El Tanbura eit faktum. Dei livlege musikarane likar å dresse seg opp i ei eklektisk blanding av Gallibiyas og Levis med Gucci-solbriller, Fez og Nike caps.

I 1996 sleppte El Tanbura si første internasjonale plate, La Simsimiyya de Port Said. Den nyaste plata, Friends of Bamboute gav kom ut i 2009 som ei markering av 20 års-jubileet deira.  

Mange i Førde snakkar endå om den gongen El Tanbura spelte i parken ved Jølstra. I lyset frå det store bålet skapte dei musikkmagi i 2007. Meir enn ti år seinare er dei tilbake, klare til å sjarmere oss på ny.


Konsertar:

Laurdag 6. juli kl. 20.30 Gjensynsgalla – 30 år utan grenser
Idrettshallen, Førdehuset

Laurdag kl. 22.30  Klubb Oppsig
Larris Scene, SSH – Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

 
 
EgyptHedda Boyd Heen