Dizu Plaatjies & Ibuyambo

 
 

Sør-afrikanske rytmar for alle

Dizu Plaatjies er son til ein ekte tradisjonell healer og vaks opp i Cape Town. Han grunnla i si tid den legendariske gruppa Amampondo. I 15 år turnerte han med dei på festivalar og store scener på alle kontinent, og oppnådde stor kommersiell suksess både i USA og Europa, i tillegg til heimlandet. Etter Amampondo-perioden gav Dizu Plaatjies ut eit par soloplater, der han miksa ulike musikkstilar, både tradisjonelle og moderne, vestlege og afrikanske.

I heile sin karriere har Dizu Plaatjies søkt utvikling og inspirasjon i nye samarbeidsprosjekt. Dette har ført til samarbeid med musikarar på innan jazz og techno, men på scena med bandet Ibuyambo,  handlar det mest om musikk med røter i Afrika, og særleg musikk som har røter i Xhosa-tradisjonen. Musikarane kler seg i tradisjonelle, fargerike klede frå ulike stadar i Afrika, brukar kroppsmåling og spelar tradisjonelle afrikanske instrument som mbira, ulike fløyter, ugandisk harpe og antilopehorn.

Dizu Plaatjies & Ibuyambo skal ha konsertar og kurs i Førde, og vil heilt sikkert setje farge på byen vår dei dagane dei er her.

 

Konsertar og kurs:

Fredag 5. juli kl. 10.00 Kurs – afrikansk dansekurs
gymsalen, Førde Barneskule

Laurdag 6. juli kl. 10.00 Barneverksted med Dizu Plaatjies
eventyrrommet, førdehuset (2. etg)

Laurdag 6. juli kl. 23:00 Dansefest: The Garifuna Collective / Dizu Plaatjies & Ibuyambo
Festivalsalen, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

 
Sør-AfrikaGuest User