Aslak Brimi Kvartett

Foto: Johannes Selvaag

Foto: Johannes Selvaag

 

Finstemd slåttemusikk frå Nord-Gudbrandsdal

Felespelaren Aslak Brimi er ein av dei fremste spelmennene i landet, og er av dei viktigaste tradisjonsberarane for slåttemusikk frå Lom og Nord-Gudbrandsdalen. Han er framståande som solist og i ulike grupper og lag, og fekk tildelt statens kunstnarstipend for 2015 og 2016 for å satse på musikken. Han har gjeve ut mange album med tradisjonsmusikk både som aktør og produsent.

Gjennom fleire år har Brimi arbeidd med å komponere slåttemusikk i gamal stil, og i kvartetten sin har han med seg fantastisk dyktige musikarar til å arrangere og spele musikken. Den nye musikken har ulike sinnelag og stemningar, og fela er det naturlege midtpunkt. Det er rytmiske og suggerande låtar, tydeleg inspirerte av den råe og kraftige gudbrandsdalske springleiken og hallingen. Det er og dei vare og nakne låtane, rolege tonestykke der arrangementa er enkle og nære. Dette er musikk i tradisjon med dei lyriske og vakre lyarslåttane frå Lom.

Aslak Brimi - fele

Bjørn Kåre Odde - fele

Svein Tore Werstad - saksofon

Espen Wensaas - mandola, mandolin, cister, bouzouki, gitar

 

Konsertar:

Lørdag 6. juli kl. 22.30 Klubb oppsig
Larris Scene, SSH

 


NorgeTorill Faleide