Anandi Bhattacharya

Foto: Shamidip Mukherjee

Foto: Shamidip Mukherjee

 

Indisk slidegitar anno vårt årtusen

Anandi Bhattacharya er ein indisk musikar, songer og komponist. Ho imponerte stort med debutplata si, Joys Abound, i fjor. Anandi er kallenamn for Sukanya. Ho er fødd i Kolkata og byrja å synge i treårsalderen. I ein alder av 22 er ho trekkplaster i sitt eige show saman med far sin og ein onkel. Dei som følgjer med på indisk klassisk musikk vil kjenne igjen Anandi sitt etternamn; faren, Debashish og onkelen Subashish er begge kjende personar innan denne musikksjangeren. Debashish Bhattacharya spelte på festivalen i 2006 og kjem no tilbake i bandet til dottera.

Anandi lovar å bere namnet Bhattacharya vidare, sjølvsagt med hjelp frå familien sin. Faren har oppkalla den minste gitaren sin etter dottera. Har ho noko imot det? - “Absolutt ikkje. Skulle eg det?”

Anandi spelar slidegitar og introduserer ny teknikk, ny lyd og ei ny blanding av tradisjon og unik moderne design av musikken. “For meg er musikk som oksygen. Eg treng det for å overleve og kjenner meg utruleg velsigna som kan leve i musikk, døgnet rundt.”

 

Konsertar:

Laurdag 6. juli kl. 18.30 Anandi Bhattacharya
Teatersalen, Førdehuset

Laurdag 6. juli kl. 16.30 Møt artisten: Anandi Bhattacharya
Ustillingssalen, Førdehuset
fri entré

 
IndiaHedda Boyd Heen