The Klezmatics

Foto: Daan van Os

Foto: Daan van Os

 

Superstjernene i klezmerverda kjem til Førde.

The Klezmatics er verdas mest kjende klezmerband, og i år feirer dei 30-årsjubileum med plateutgjeving og konsertturnéar. Dei har titals plateugjevingar, verdsturnéar og Grammypris (2006) bak seg. I 30 år har dei brukt jødisk musikk som ei stemme for sosial rettferd, for forandring, for “the underdogs” og dei undertrykte. I 30 år har dei stilt spørsmål kring fordomar og ytt motstand mot fundamentalisme og etablerte dogmer i samfunnet. Frå bandet oppstod i dei austlege bydelane av New York på 80-talet, har the Klezmatics hatt som mål å vise at jødisk musikk ikkje treng å vere verken nostalgisk, smal eller kitch.

Jødisk klezmer er aust-europeisk festmusikk, og lever i mangfaldet av musikkulturar i verda i dag. Med jubileumsplata Apikorsim - Heretics legg The Klezmatics grunnlag for nye tiår med rebelsk musikk. Takka vere dette bandet har jødisk musikk og kultur fått ein renessanse I moderne tid, og sansynlegvis vil musikarane i halde fram med å snakke flyktningane og arbeidarane si sak i mange år framover. Songane deira vil framleis sørgje over tapte “krigar”  - og prise alt som er å glede seg over i livet!

- På ein god kveld kan dei rangerast blant klodens beste band (New York Time Out)
 
 

Richie Barshay
Matt Darriau
Lisa Gutkin
Frank London
Paul Morrissetz
Lorin Sklamberg

 

Konsertar:

søndag 9 jul 2017 15:00
The Klezmatics
Førdehuset, Idrettshallen


USTorill Gundersen