Ingfrid Breie Nyhus og Knut Buen

 

Ingfrid Breie Nyhus vert nemnd som «ein blant den nye generasjonen pianistar «som verkeleg har noko på hjartet».  Ho spelar både folkemusikk, klassisk og samtidsmusikk. Ingfrid vaks opp i ein folkemusikkfamilie, først og fremst med polstradisjonen på vanleg fele frå far Sven Nyhus, men også med hardingfeletradisjonar. Etter klaversolist-studier i Norge, Finland og Tyskland har ho arbeidd med solo- og kammermusikk i det klassiske repertoaret, og mykje samtidsmusikk både solo og i ensembler, i tillegg til fleire tingingsverk og urframføringar. I 2015 gav ho ut ein solo plate-triologi med pianomusikk inspirert av folkemusikk, som alltid har stått henne særleg nær. Den siste av desse innspelingane er Slåttepiano, som fekk strålande mottaking i pressa og vart nominert til Spellemannpris. Her tolkar Ingfrid Breie Nyhus dei same slåttane som Grieg let seg inspirere av då han komponerte sitt Opus 72. 

Originalversjonen av desse slåttane får du høyre av Telemarks og heile Norges felemeister og historieforteljar Knut Buen (f. 1948). Han har spelt hardingfele frå barnsbein av, og omfattande innsamling av tradisjon og slektsarv har danna grunnlag for komponering og skriving. Knut Buen har dikta rundt 100 songar, komponert fleire titals slåttar, har rundt 300 ulike musikkverk registrert i Tono - og han kan imponerande 500 slåttar!  Knut Buen elskar samarbeidsprosjekt, og ser kvar einaste originale, nye vri og kunstnariske variasjon av tradisjonelt og nytt stoff som eit vidare steg i musikarlivet.

Det er med andre ord vanskeleg å skildra dette spelet – og det er meint som eit stort kompliment. Med eit trippelt tradisjonstungt materiale som utgangspunkt – folkemusikkversjonen, Grieg-versjonen og folkjazztradisjonen (pioneren Jan Johansson må ikkje gløymast!) – har ho makta å laga sin heilt egen versjon. Spelet hennar liknar ikkje på noko anna, bortsett frå i spreidde element som får oss til å tenka på annan musikk me har høyrt. (Sigbjørn Apeland, Folkemusikk.no)

 
 

Ingfrid Breie Nyhus - piano
Knut Buen - fele

 

Konsertar:

lørdag 8 jul 2017 12:00
Ingfrid Breie Nyhus og Knut Buen
Haarklousalen, Førde kulturskule


NorgeTorill Gundersen