Helene Blum & Harald Haugaard Band

Foto: Sigrid Nygaard

Foto: Sigrid Nygaard

 

Medrivande og moderne folkemusikk frå «dejlige» Danmark.

Harald Haugaard er ein av sin generasjons mest etterspurde musikarar. Han turnerer, spelar inn plater, komponerer og underviser - og begeistrar publikum og inspirerer unge talent over heile verda. Felespelet hans er ein elegant kombinasjon av det leikande lette og det halsbrekkande utfordrande. Haugaard er melankolsk i klangen. Komposisjonane hans er originale, med djupe spor i dansk musikktradisjon; spor som Harald Haugaard omset til moderne og innovativ folkemusikk.

Han vaks opp i eit rikt folkemusikkmiljø, og var tidleg ute med å spele til dans saman med morfaren Johannes Kristensen. Dansen, og alt som ligg i den av rørsler og kjensler, er sjølve ryggrada i Harald Haugaard sin musikk. Sjølv om dei danske røtene ligg i botnen, blir han også inspirert av alt han møter på sin veg. Han kryssar gjerne sjangergrensene for å utfordre tradisjonen og utvikle seg som kunstnar. For som han seier: Den aller største inspirasjonskjelda, er livet sjølv!

Helene Blum har tilført omgrepet dansk folkemusikk noko nytt gjennom sine tolkingar av danske folkesongar. Ved å gje stemma si til tradisjonsmateriale har ho opna døra inn til danske songskatten for nye publikummarar; og ført til at stadig fleire oppdagar det tidlause og vakre ved desse gamle songane. Hennar eige materiale er inspirert av tradisjonen, men blir også personlege og sterke forteljingar. Alt dette har gjort Helene Blum til ein respektert kunstnar og folkesongar langt utanfor Danmarks grenser.

Harald Haugaard er òg ein av komponistane til nyproduksjonen Nordic Sound Folk Orchestra, Førdefestivalen si storsatsing dette året, som står for opningskonserten på årets festival. Her er 40 orkester­medlemer, 8 solistar og 4 komponister involvert.

Karismatisk virtuos frå Danmark (The Strad)
“Haugaard is the master of sublime moments” (Musikmagasinet Sing Out, USA)
 
 

Helene Blum - vokal, fele
Harald Haugaard - fele
Mikkel Grue - gitar
Tapani Varis - bass, seljefløyte
Sune Rahbek - perkusjon

 

Konsertar:

fredag 7 jul 2017 13:30
Helene Blum & Harald Haugaard Band
Pikant Restaurant & Bar, Førde

lørdag 8 jul 2017 23:00
Nordisk klubb
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Førde


DanmarkTorill Gundersen