Talent 2016

Foto: Heidi Hattestein

Foto: Heidi Hattestein

Internasjonalt talentprosjekt 

Talentprosjektet er eit samarbeid mellom Førdefestivalen og Rikskonsertane. Kvart år samlast unge talentfulle musikarar frå Norge og to andre land til to vekeslange verkstadar. Den første verkstaden skjer i samband med Førdefestivalen, den andre i eitt av dei andre landa som er representerte i prosjektet. Med talentprosjektet ønskjer festivalen å gje unge musikarar høve til å utvikle seg sjølv i møtet med andre musikktradisjonar.

I år kjem talent-deltakarane frå Kenya, Malawi og Norge: 

Norske deltakarar er alle studentar ved Norges musikkhøgskole: 
Helga Myhr frå Torpo i Hallingdal - fele, dans, vokal
Ingeborg Ulberg Sommar frå Røros - fele
Torfinn Hofstad frå Verdal - fele

Frå Kenya kjem desse tre:
Faith Wangui – vokal, dans, gitar
Saumu Kazia – dans, trommer, vokal
Omari Mwatela Swaleh – perkusjon (sengenya, marimba, chapuo, kayamba, leg jingles)

Turleiar for talenta frå Kenya er Wakake Otieno, som tidlegare har delteke i talentprosjektet i Førde! 

Dei tre deltakarane frå Malawi er:
Asante Maulidi - perkusjon, dans, vokal
Thokozani M¹doko - vokal, dans, perkusjon
Patrick Chimbewa - tsansi (mbira)


Kunstnarlege leiarar for Talent 2016:

Ivan Mazuze: Komponist og saksofonist, fødd i Mozambique, no busett i Norge. Ivan Mazuze er ein dyktig formidlar av den lange og sterke jazztradisjonen i Sør-Afrika, der han har jazzutdanninga si frå. Han har sitt eige jazzensemble, men som frilansar spelar han også med musikarar som Bugge Wesseltoft, Omar Sosa, Manou Gallo med fleire. Han underviser i treblåsar-instrument ved Oslo Kulturskole.

 
Foto: Ingvill Skeie ljones

Foto: Ingvill Skeie ljones

Unni Løvlid: Internasjonalt kjend folkesongar frå Hornindal. Ho er ein viktig tradisjonsbærar, men også ein døropnar som gjennom si opne og eksperimentelle tilnærming, klarer å få element frå folkesong med seg over i andre sjangrar – og vise versa. Unni Løvlid er ein svært etterspurd songar, som har heile verda som arbeidsplass. 

 

 

Konsertar:

 

Torsdag 7. juli 19.30 Opningskonsert: På flukt!
Idrettshallen, Førdehuset


Torsdag 7. juli 23.00 Sommarnatt på Jølster – Talent 2016
Jølstramuseet, Vassenden


Laurdag 9. juli 18.30 Talent 2016
Teatersalen, Førdehuset