Silje Onstad Hålien: 101 hattar å sparke før eg døyr

Silje Onstad Hålien

Silje Onstad Hålien

Dans til kvinnas pris - og til ettertanke

"Rösten kvävs i klänningen. Hennes ögon följer gladiatorn. Och sedan står hon på arenan själv. Är hon fri? En guldram gastkramar tavlan." -Tomas Tranströmer

Ei kvinne og hennar relasjon til seg sjølv. Kven er ho? Moder jord? Hore? Skugge? Madonna? Hysterika? Orm? Freistarinne? Bitch? Kor mange roller, kor mange hattar må ho prøve, undersøke, leva opp til, sparke ned, før ho veit kven ho er og kan akseptere alle sine sider og lyster?

Silje Onstad Hålien var første kvinnelege hallingdansar på elitenivå i Norge, og ein ekte fornyar av norsk scenisk folkedans. I danseensemblet VILLNISS har ho vore med på å skape fleire store framsyningar. Ho har òg styrka dansen si rolle i teatret, gjennom koreografiar for m.a. Det Norske Teatret, Västanå teater og Riksteatret. I 2013 var ho kunstnarleg ansvarleg for den norske opninga av Chess Championships i Chennai, og i 2015 vart ho kåra til Årets folkemusikar. Med seg på scena har ho Anders Löfberg, som i tillegg til å stå for musikken, gjer ein solid innsats som dansar.

Idé og regi: Susanne Marko
Idé, koreograf og utøvar: Silje Onstad Hålien
Musikkansvarleg og utøvar: Anders Löfberg

 

Framsyning:


Laurdag 9. juli 12.00  Silje Onstad Hålien: 101 hattar å sparke før eg døyr
Teatersalen, Førdehuset