Festivalfilm: Fuocoammare

12 år gamle Samuele er hovudperson i Gianfranco Rosi sin prisvinnande film.

12 år gamle Samuele er hovudperson i Gianfranco Rosi sin prisvinnande film.

It. dokumentar. 1t. 48 min. 15 år. Regi:  Gianfranco Rosi.

Årets Gullbjørnvinnar frå Berlin får før-premiere på Førdefestivalen!

Ei sterk og meisterleg skildring av tragedien i Middelhavet, sett gjennom auga til dei lokale på Lampedusa og spesielt 12 år gamle Samuele. Øya hans er ikkje lik andre øyer. I årevis har den vore eit mål for menn, kvinner og born som har lagt ut på overfarten frå Afrika i båtar som er alt for små og avfeldige. Øya Lampedusa er blitt ein metafor for straumen av flyktningar til Europa, håp, motgang og lagnaden til hundretusen av utflyttarar. Desse menneska lengtar etter fred, fridom og lykke, og likevel er det alt for ofte den døde lekamen som vert trekt opp frå vatnet. Kvar dag vert innbyggjarane i Lampedusa vitne til den største humanitære tragedien i vår tid. Men livet går sin gang på Lampedusa, side om side med det ufattelege.

 

I samarbeid med Kino Førde.