FAYTINGA

FAYTINGA 

FAYTINGA 

Fridomskjemparen som vart musikar

Faytinga, eller Dahag Faid Tinga, kjem frå Kunama-folket, der menn og kvinner er likestilte. Alt 14 år gamal var ho med i den eritreiske fridomsrørsla, der ho fekk si første utdanning. Ho var aktiv i rørsla fram til frigjeringa i 1991, og hadde sitt første artistoppdrag med å synge for soldatane ved fronten for å gje dei mot og styrke.

Faytinga komponerer og skriv sine eigne tekstar, men tolkar også eritreiske poetar. I 1990 turnerte ho i USA og Europa som medlem i bandet Sibrit. Fem år seinare hadde ho sin første soloturné og i 1999 kom første plata hennar, Numey, med tekstar på kumana.

Lokale musikktradisjonar er Faytinga si største inspirasjonskjelde, men ho tek gjerne musikken inn i nye landskap og ho har mange ulike prosjekt. Musikalsk er det mykje som minner om vest-afrikanske rytmar, men Faytinga si karakteristiske stemme, plasserer ho tydeleg aust på det store kontinentet.         

Dahab Faid Tinga - vokal, krar      
Khalid Kouhen - perkusjon             
Federico Umberto - krar   
Jonas Knutsson - saksofon

 

Torsdag 7. juli 19.30 Opningkonsert: På flukt
Idrettshallen, Førdehuset – Førdehuset


Fredag 8. juli  16.30 Møteplass Jølster: Faytinga
Løa på Jølstraholmen, Vassenden