Talent 2015

Talentprosjektet er eit samarbeid mellom Førdefestivalen og Rikskonsertane. Kvart år samlast unge talentfulle musikarar frå Norge og to andre land til to vekeslange verkstadar. Den første verkstaden skjer i samband med Førdefestivalen, den andre i eitt av dei andre landa som er representerte i prosjektet. Med talentprosjektet ønskjer festivalen å gje unge musikarar høve til å utvikle seg sjølv i møtet med andre musikktradisjonar.

I år kjem talent-deltakarane frå Iran, Armenia og Norge: 

Deltakarane frå Iran er Afarin Nazari (ghanoon), Firoozeh Raeesdana (vokal) og Golnoush Salehi (tar)

Frå Armenia kjem The Harutyun Chqolyan Trio med Harutyun Chqolyan (duduk), Monica Nazaryan (vokal), og Albert Ordinyan (dhol)

Norske deltakarar er Malin Victoria Alander (vokal) frå Sandane, Hans P. Kjorstad (fele) frå Sør-Fron og Selma French Bolstad (fele) frå Ås.

Kunstnarlege leiarar for Talent 2015:

Andreas Skeie Ljones, folkemusikar og kreativ kulturentreprenør frå Lillehammer med mange jarn i elden. I dag driv han dansekompaniet Villniss saman med Silje Onstad Hålien, og Vicomte, eit selskap i skjeringspunktet mellom kultur og næring. Andreas var den første som tok diplomeksamen i hardingfele på Musikkhøskulen. Han spelar òg i ensemblet  Majorstuen.

Mahsa Vahdat, har songutdanning frå persiske meistrar og studiar ved universtitet i Teheran. I Norge samarbeider ho med Kirkelig Kulturverksted og har arbeidd med SKRUK og Tord Gustavsen. Ho har også arbeidd med den amerikanske soulartisten Mighty Sam McClain. Sidan 2007 har Mahsa Vahdat vore ambassadør for Freemuse, ein internasjonal organisasjon som kjempar for ytringsfridom for musikarar, komponistar og artistar. I 2010 vart ho tildelt Freemuse sin årlege pris.