Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen

Musikarar og formidlarar i særklasse

Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen er musikarar og formidlarar i særklasse. Gjennom mange år har dei turnert saman og kvar for seg i inn- og utland, og samarbeidd med musikarar frå alle ulke sjangrar.

Hans Fredrik Jacobsen har mellom anna vore med i samspelprosjekt med Knut Reiersrud, Sissel Kyrkjebø og Secret Garden. Begge har gjeve ut fleire soloplater, der den andre har medverka. Saman har dei gjeve ut barneplate, plater med norsk folkemusikk i både tradisjonell og arrangert form, plater inspirert av andre musikalske kulturar, og ikkje minst plater med middelaldermusikk i Kalenda Maya.

Tone Hulbækmo har i tillegg gjeve ut ei plate med musikk til dikt av Halldis Moren Vesaas. Dei har også komponert musikk for film, radio og TV og skrive tingingsverk for kor, musikkorps og til ballett. Begge har sjølvsagt spelt på Førdefestivalen tidlegare, og dei var  for 20 år sidan dei første leiarane for talentprosjektet festivalen driv saman med Rikskonsertane. I år kjem dei tilbake for å vere konferansierar når vi inviterer til eit jubileum i jubileet – Talentprosjektet 20 år!

Søndag har dei sin eigen konsert med tittelen "Klukkesøndag" i Klokkargarden i Dale.

Tone Hulbækmo  vokal, harpe, lyre, harmonium
Hans Fredrik Jacobsen  fløyter, gitar, toradar