Sudan Dudan

Jotunheimen møter Appalachane!

 Jotunheimen møter Appalachane når duoen Sudan Dudan let originale arrangement av slåttespel og folketonar frå Valdres bli inspirerte av amerikansk oldtime musikk og vestafrikansk ørkenblues. Resultatet slår gneistar! Saman med produsent Odd Nordstoga laga dei i fjor eit intenst vakkert, lågmælt mirakel av ei plate; ”Inntil i dag”. Sudan Dudan leverer eit akustisk fullkome univers som sprengde platebarometera i pressa! Men korleis omtalar ein noko ein ikkje har høyrt maken til? –Ganske unikt og veldig gripende, skreiv meldaren i Dagbladet. Og la til: -En opplagt kandidat til å bli en av årets beste plater.

Etter mengder av konsertar på norske småscener, har Sudan Dudan sitt gode konsertrykte no vakse seg stort og sterkt. Den melankolske musikken med funklande strengespel og den klaraste, reinaste song når eit stadig større publikum. Dei har spelt på Øyafestivalen og Vinjerock, og hatt store turnear i Japan og England.

I duoen finn du Marit Karlberg, ein av landets aller beste kvedarar. Ho har vore med på oppsetjingar som Tryllefløyta, komponert musikk til Sol av Isfolket og var medlem av gruppa Dvergmål. Anders Erik Røine er multiinstrumentalist og trakterer gitar, munnharpe, langeleik, munnspel, fele, hardingfele, banjo og mandolin på eit svært høgt nivå. Han har vore med å lage musikken til tv-serien Lilyhammer saman med Little Steven og medverka på plateinnspelingar med Odd Nordstoga og Valkyrien Allstars. Han har òg medverka eller vore produsent på eit uttal andre plater.