Sivan Perwer

Legendarisk stemme frå Kurdistan

Poeten, songaren og tembur- utøvaren Sivan Perwer er den mest kjende stemma frå Kurdistan – og ein av dei mest kjende songarane frå Midt-Austen. Han er både karismatisk og kontroversiell, men det er framfor alt med stor stemmekraft og hypnotisk musikk han bergtek publikum over heile verda. I mange år var songane hans – sjølv kjærleikssongane - forbodne i Irak, Iran, Syria og Tyrkia fordi tekstane tok opp den sosiale, politiske, kulturelle og økonomiske situasjonen for kurdarane og Kurdistan. Tilhengjarane hans let ikkje forbodet stoppe dei i å spreie musikken hans. Med fare for sitt eige liv, let dei Perwer-kassettar gå frå mann til mann.

Sivan Perwer si karriere strekkjer seg over meir enn tretti år, og frå Tyskland, som er heimlandet hans i dag, driv han utstrekt turnéverksemd året rundt. Han har gjeve ut meir enn 25 plater, og vunne ei rekkje internasjonale verdsmusikkprisar. Sivan Perwer er utnemnd til fleire ærefulle doktorat, og driv også si eiga ideelle stifting, Sivan Perwer International Cultural Foundation.

Sivan Perwer vokal
Najmadin Najim
Hakan Vreskala
Ertan Tekin
Hakan Akay
Serxabun Perwer

sivan-perwer.com

BBC-omtale